SPELTE KLARINETT HEILE HELGA

dscn5859kopi

Søndag 01.02.09. Seks jenter frå Fiksdal spelte klarinett heile helga. Martin Hendriks hadde samla klarinettistar frå heile kommunen til eit stort klarinettorkester.

Laurdag samla dei seg til øving på Myra på Vestnes. Etter speling og pizza drog dei til Tomrefjord, der dei stilte opp med tre nummer på Ungdommens Kulturmønstring.

Søndag var det øving igjen. Så var det konsert med Klarinettorkesteret til Vestnes kulturskule, Strykeorkesteret til Molde kulturskole og "Indre Strøk".

Ei flott øvings- og konserthelg for Julia Nakken, Benette Nakken, Marietten Nakken, Ane Nakken, Hanna Fylling Ellingseter og Nadia Gjelsten Frostad.

dscn5853

JODLAR PÅ BYGDAHEIM 3.JULEDAG!

bjrntomren
Bjørn Tomren, jodlar frå Tomrefjord.

Onsdag 17.12. Storjodlaren Bjørn Tomren kjem til årets juletrefest på Bygdaheim 3.juledag.

Fiksdal/Rekdal Janitsjar arrangerer juletrefesten på Bygdaheim kl. 15.30 tredje juledag, laurdag 27.desember. Korpset er glad for å kunne presentere ein av landets fremste jodlarar, Bjørn Tomren frå Tomrefjord.

Her deltar han i eit tv-innslag på NRK Møre og Romsdal: Jodlejakt på ekko.

På Bygdaheim i Fiksdal vil han jodle både julesangar og andre sangar.

Arrangørkorpset spelar under leiing av dirigent Geir Wammer, og aspirantane deltar. Det blir juleforteljing, kaker, kaffe og utlodning. Gang rundt juletreet, og kanskje kjem nissen?

MESSINGASPIRANTAR IMPONERTE!

Søndag 14.12. Messingaspirantane imponerte under adventskonserten i kyrkja. Dei tre jentene og tre gutane har spelt i under eit halvår, men slo til med innmarsj og mange flotte nummer i Fiksdal kyrkje. Jonathan Hamel er instruktøren til dei flinke førsteårsaspirantane: Vibecke Gjelsten Sørvik, Agnete Skeide Aasgard, Ann Siri Henriksen Lien, Kevin Ellingsen, Vidar Henriksen Lien og Trond Fylling Ellingseter.

Les meir: Heile bygda på adventskonsert, Rbnett, 15.12.08.

dscn5284

dscn5285

dscn5286

dscn5287

dscn5288

dscn5290

dscn5295

dscn5292

dscn5297

dscn5291

dscn5294

dscn5299

dscn5300

dscn5301

dscn5302

dscn5303

Les meir: Heile bygda på adventskonsert, Rbnett, 15.12.08.

rbfaksimileadventskonsert

JULEGRANA VART TENT I FIKSDAL

Det var kaldt og fint ver då årets julegran vart tent laurdag ettermiddag.

Fiksdal/Rekdal Janitsjar stod for arrangementet i samarbeid med hovudsponsor Bygdabua.

Korpset spelte, og det vart gått rundt julegrana.

Det vart servert nissesuppe, gløgg og kakao. For barna var det stor stas at sjølvaste julenissen hadde tatt turen til Fiksdal denne flotte laurdagsettermiddagen.







F/R JANITSJAR MED TRE JULEARRANGEMENT

Fiksdal/Rekdal Janitsjar arrangerer både julegrantenning, adventskonsert og juletrefest.

Julegrantenning laurdag 29.november kl. 16.00.
Ved Bygdebua. Tenning av julegrana. Korpset og aspirantane spelar. Sal av nissesuppe, gløgg og kakao. Kanskje kjem nissen med gåver til barna. Utlodning.

Adventskonsert søndag 14.desember kl 15.00.
Fiksdal kyrkje. Mannskorgruppe, dir. Sissel Schiøtt. Fiksdal/Rekdal Janitsjar, dir. Geir Wammer. Sang ved jentegruppe. Andreårsaspirantar på klarinett, dir. Martin Hendriks. Førsteårsaspirantar på messing, dir. Jonathan Hamel. Andakt.

Juletrefest laurdag 27.desember kl. 15.30.
Bygdaheim. Fiksdal/Rekdal Janitsjar og aspirantar spelar. Juleforteljing. Gang rundt juletreet. Kaffe, saft og julekaker.

Fiksdal/Rekdal Janitsjar står bak alle tre arrangementa. Korpset håper bygdefolket møter opp og deltar aktivt.


Mannskorgruppe med dirigent Sissel Schiøtt blir med på adventskonserten i Fiksdal kyrkje.

STORBLÅSARAR FRÅ FIKSDAL/REKDAL OG VESTNES

Onsdag 05.11.08. Aspirantar frå Fiksdal og Rekdal imponerte på Vestnes.

Ei stor gruppe med blåsarar opptredde under Vestnes kulturskule sin elevkonsert. Dei marsjerte inn, og tok salen med storm!

Fiksdal og Rekdal har seks førsteårsaspirantar på messinginstrument. Vestnes har fire. Det er Jonathan Hamel som underviser dei flinke elevane på althorn og kornett.

dscn4590
Kulturskuleelevar frå Fiksdal og Vestnes imponerte på kornett og althorn. Framme f.v. kornettistane Vibecke Gjelsten Sørvik, Ann Siri Henriksen Lien og Agnethe Aasgard. Bak f.v. althornrekka: Kevin Ellingsen, Vidar Henriksen Lien, Trond Fylling Ellingseter, Amalie Skavnes, Moritz Michaelis, Bernt Skjegstad og Markus Eik Nikolaisen.

dscn4586

dscn4585

NY SESONG: PÅ TOPP I REKRUTTERING

marsjving08

Fiksdal/Rekdal Janitsjar ligg heilt i teten i Vestnes kommune når det gjeld rekruttering til korpset. Det siste året har musikkorpset hatt sju aspirantar i Vestnes kulturskule. Denne hausten har fire nye meldt seg.

 

Martin Hendriks har undervist fire lovande klarinettistar: Julia Nakken, Nadia Gjelsten Frostad, Ane Nakken og Ken Nakken.

 

På slagverk har Endre Holen og Fredrik Grytten Olsen vore flinke førsteårsaspirantar, med Charlie Wiese som instruktør frå Vestnes kulturskule.

 

Hanna Fylling Ellingseter har vore andreårsaspirant på klarinett, og kan byrje i korpset denne hausten.

 

Desse fire har meldt seg som aspirantar i haust: Agnete Aasgard, kornett, Ann Siri Henriksen Lien, kornett, Vidar Henriksen Lien, althorn, Trond Fylling Ellingseter, althorn. Dei er allereie i gang, og instruktør er Jonathan Hamel frå Vestnes kulturskule.

 

Under årsmøtet i Fiksdal/Rekdal Janitsjar vart Tore Ellingseter attvald som leiar. Med som styremedlemmer er Bente Legernes, Arnfinn Berg, Bente Slemmen og Evelyn Nakken Rekdal. Varamedlemmer er Bente K. Nakken og Heidi Anundsen. Revisor: Oddgeir Anundsen. Valnemnd: Svein P. Misund og Mareno Nakken.

 

Det har vore femten aktive musikarar i korpset denne sesongen. Geir Wammer har vore dirigent.

 

Litt om aktiviteten i korpset i 2007/08:

 

30.september var det marsjkonsert på Myra kulturhus i samarbeid med Vestnes Musikklag. Dirigent: Martin Hendriks.

5.oktober: Basar på Bygdaheim.

21.oktober: Konsert i Vestrefjord, saman med Vestrefjord skulekorps.

1.desember: Julegrantenning ved Bygdabua.

16.desember: Adventskonsert i Fiksdal kyrkje.

29.desember: Juletrefest på Bygdaheim.

7.mai: Konsert på Bygdaheim med Vestrefjord skulekorps, mannskor og aspirantar.

17.mai spelte FRJ som vanleg både i Fiksdal og på Rekdal. Aspirantane deltok.

FIKSDAL/REKDAL JANITSJAR 2008

frjmai08

VEL BLÅST 17.MAI!

17maifrjkorps08

Det vart ein stor-dag for korpset 17.mai. Det var speling frå morgon til kveld.


Det starta i kyrkja med gudsteneste kl.10, og kransenedlegging ved bautaen. Deretter var det å fyke avgarde til Rekdal  for å spele i toget der.

Så var det klart for toget i Fiksdal. På folkefesten på Bygdaheim spelte klarinettaspiantane Ane Nakken, Nadia Gjelsten Frostad, Julia Nakken og Hanna Fylling Ellingseter.

Til slutt spelte Fiksdal/Rekdal janitsjar, under leiing av dirigent Geir Wammer.

Korpset vil spesielt takke Karsten Fiksdal og Mareno Nakken, som stilte opp på stortromme og skaptromme/slagverk, og Lene Havnsund som spelte klarinett.

17maifrjaspirantar08

17maitogbyggefelt08

frjbyggefelt208

17maiaspbygdah08

Nitten øvde til syttande

marsjving08

Måndag 12.05. Nitten musikarar var på plass for å øve inn marsjane til 17.mai.

Fiksdal/Rekdal Janitsjar stiller sterkt på 17.mai.

Korpset har med fire apirantar på klarinett: Nadia Gjelsten Frostad, Ane Nakken, Julia Nakken og Hanna Fylling Ellingseter.

Forsterkingar er henta inn til korpset. Lene Havnsund spelar klarinett, Mareno Nakken skarptromme, og Karsten Fiksdal stortromme.

Det blir ein travel nasjonaldag for korpset. Det startar med gudsteneste i kyrkja. Så er det speling ved bautaen, speling i toget på Rekdal, toget i Fiksdal, og til slutt under folkefesten på Bygdaheim.

frjpublikum08
Ikkje berre korpset som var i storslag denne mai-kvelden...

frjvingmai08
Vi øvde også litt innandørs.

Vårkonsert på Bygdaheim onsdag 7.mai

frjvrkonsertaspirant08
Klarinettjentene som er aspirantar til Fiksdal/Rekdal Janitsjar. Dirigent: Martin Hendriks.

dscn1680

dscn1677

dscn1679

dscn1678

frjvrkonsertvestrefjordsk08
Vestrefjord skulekorps leverte flott musikk, under leiing av dirigent Hans Peter Neergard.

frjvrkonsertmannssang08
Mannssang-gruppe med dirigent Sissel Schiøtt.

Året rundt - ikkje berre 17.mai

image4
Nokre trur at 17.mai er den store dagen for musikkorpsa. Men vi i Fiksdal/Rekdal Janitsjar driv med korps så og seie året rundt. I løpet av eit år arrangerer vi eller deltar på mellom tolv og fjorten arrangement. Berre i samband med jula hadde vi tre arrangement i Fiksdal: Julegrantenning ved bua, førjulskonsert i kyrkja og juletrefest på Bygdaheim.
Vi er, og ønsker å vere, eit lag som skaper positiv aktivitet i lokalmiljøet. Vi vil takke alle dei som er med og støttar laget økonomisk:
- BYGDEFOLKET
- LOKALE BEDRIFTER
- JOKER BYGDABUA
- SPAREBANKEN MØRE
- VESTNES KOMMUNE

Mange på julegrantenning

Svært mange deltok på årets julegrantenning. I år var arrangementet flytta frå skulen til Joker Bygdabua. Det vart ei vellykka løysing, der små og store var med. Grana vart tent, korpset spelte, det var gløgg og pepparkaker. Til slutt kom sjølvaste julenissen, nokre veker for tidleg. Korpset takkar Joker Bygdabua, og Peter Fylling, som hadde levert treet.
julegran07
Fiksdal/Rekdal Janitsjar spelte og stod for
arrangementet. (Foto: fiksdalil.no)

nisse-julegran07
Sjølvaste julenissen kom på besøk, og delte ut
posar til barna. (Foto: fiksdalil.no)

Fiksdal/Rekdal Janitsjar - 2007-08



maiken og geir1
Maiken Nakken var sangsolist på adventskonserten i Fiksdal kyrkje. Geir Wammer er dirigent for Fiksdal/Rekdal Janitsjar.
image22

Eit stort marsjkorps med over førti medlemer hadde vellykka konsert på Vestnes 30.september. Her frå øvinga med Fiksdal/Rekdal Janitsjar og Vestnes Musikklag på Fiksdal skule. Martin Hendriks dirigerer.
image2
Våre unge musikarar på 17.mai i Fiksdal 2007. Benette Nakken, Mariette Nakken, Elisabeth Anundsen, Trude Gjelsten, Hanna Fylling Ellingseter (aspirant) og Susanne Ellingseter.

Ein aktiv sesong er i gang for Fiksdal/Rekdal Janitsjar i 2007/08. Siste søndagen i september var det stor marsjkonsert på Vestnes, eit samarbeidsprosjekt mellom FRJ og Vestnes Musikklag. Fredag 5.oktober var det basar på Bygdaheim. 21.oktober spelte korpset på haustkonsert i Vestrefjord.


Fiksdal/Rekdal Janitsjar er eit generasjonskorps med eit høgt aktivitetsnivå.
Korpset har over 20 aktive musikantar - både barn, ungdom og vaksne.
Vi er det einaste musikkorpset i Fiksdal og Rekdal, og vi har også medlemer frå Øverås og Nerås.
Geir Wammer er vår dirigent. Har du lyst til å vere med, ta kontakt med leiar Tore Ellingseter på tlf. 90672266.

STYRET FOR FIKSDAL/REKDAL JANITSJAR, 2007/08:
Tore Ellingseter, leiar, 90672266, tore.ellingseter@nrk.no
Bente Legernes Ødegård, nestleiar/noteansvarleg, 95934250
Arnfinn Berg, sekretær, 97161999
Bente Slemmen, kasserar, 41230757
Marita Gjelsten, styremedlem/ungdomskontakt, 46429112
1.varamedl.: Heidi Anundsen, 95029215
2.varamedl.: Svein Peder Misund, 90238036

ASPIRANTAR:
Barn kan byrje som aspirantar, og få undervisning i kulturskulen frå den hausten dei startar i fjerde klasse. Etter to års aspiranttid er dei klare for korpset.
Korpset har i dag sju aspirantar som får opplæring i Vestnes kulturskule.

Førsteårsaspirantar:
- Julia Nakken, klarinett
- Nadia Gjelsten, klarinett
- Ane Nakken, klarinett
- Ken Nakken, slagverk
- Fredrik Grytten Olsen, slagverk.

Andreårsaspirantar:
- Endre Holen, slagverk
- Hanna Fylling Ellingseter, klarinett

DESSE ER AKTIVE MUSIKARAR I FIKSDAL/REKDAL JANITSJAR:

Elisabeth Anundsen, fløyte
Emilie Gjelsten, fløyte
Benette Nakken, klarinett
Mariette Nakken, klarinett
Trude Gjelsten, klarinett
Elin Hansen, klarinett
Bente Legernes Ødegård, sax
Ann-Margret Liabø, kornett
Ann Iren Fylling, kornett
Peter Fylling, kornett
Elisabeth Dragnes Nakken, euphonium
Bente Slemmen, euphonium
Tore Ellingseter, trombone
Evelyn Nakken Rekdal, trombone
Svein Peder Misund, bass
Arnfinn Berg, slagverk
Geir Wammer, dirigent

FØREBELS SESONGPLAN 2007/08

Hausten 2007:
22.08. Årsmøte
29.08. Første øving
07.-09.09. Kommunal øvingshelg for barn/ungdom, Tresfjord
15.-16.09. Øvingshelg for marsjkonsert med Vestnes musikklag, Myra
19.09. Øving med Vestnes Musikklag, Fiksdal skule
26.09. Øving med Vestnes Musikklag, Vestnes
30.09. Marsjkonsert med Vestnes Musikklag, Myra kulturhus, Vestnes
05.10. Basar på Bygdaheim kl. 18. Arr.: FRJ.
21.10. Konsert på Vestrefjord skule. Arr.: Vestrefjord skulekorps
01.12. Julegrantenning ved Fiksdal skule. Arr.: FRJ.
16.12. Adventskonsert i Fiksdal kyrkje. Arr.: FRJ.
28.12. Juletrefest på Bygdaheim. Arr.: FRJ.

Våren 2008:
- Storkonsert på Bygdaheim?
- Rekdal?
- Øverås/Nerås?
- 17.mai, Rekdal og Fiksdal
- Tomra/Ørskog Brassfestival?
- Korpstur?
- Sesongavslutning.

image24

Ivrige kornettistar frå Vestnes Musikklag og Fiksdal/Rekdal Janitsjar under øving til den store marsjkonserten: F.v.: Hanne Moldver Salthammer, Ann-Margret Liabø, Vencke Skjegstad Hansen og Camilla Hansen. Bak ser vi trombonistane Kevin Isham og Guttorm Balstad.

image20
Fiksdal. (Foto: Benny Gjelsten)

17.mai på Rekdal og i Fiksdal

17.mai 2007: Som vanleg er det Fiksdal/Rekdal Janitsjar som står for musikken i folketoga på Rekdal og i Fiksdal.

image4
17.maitoget gjennom Fiksdal sentrum, sett frå ein trombonist i Fiksdal/Rekdal Janitsjar.
image7
F.v.: Bente Slemmen, Ann-Margret Liabø, Ann Iren Fylling, Elin Hansen og Bente Legernes Ødegård.
image8
Tubaist Svein Misund og resten av 17.mai-toget i Fiksdal.
image9
Bente Slemmen.
image10
Elisabeth Dragnes Nakken.
image11
På slagverk: Mareno Nakken og Arnfinn Berg.
image12
Elin Hansen, Bente Slemmen og Ann-Margret Liabø.
image21
Ann-Margret Liabø, Ann Iren Fylling og Tore Ellingseter.
image13
Korpset går opp gjennom byggefeltet.

Rekrutteringsdag på Fiksdal skule

image3
Våren 2006: Vi er stolte over å ha flinke aspirantar på fløyte og klarinett, her saman med dirigent Martin Hendriks.

image27
Korpset har rekrutteringsdag på Fiksdal skule. Aspirantane spelar for elevane.

image28

image29

image30

Fiksdal skulekorps 19??

image5
Første rekke: Inger Merethe Aakernes, Line Gjelsten, Karin Janita Nakken, Oddny Bjerkevoll, Nils H. Gjelsten (dirigent), Noralf Gjelsten, Jim Solbakken, Jon Sverre Sulen, Beate Frostad.
Andre rekke: Ann Elisabeth Bjerkevoll, Elisabeth Dragnes (Nakken), Eva M. Frostad, Heidi Gjelsten, Siv Nakken, Sindre Rekdal, Per Kristian Rekdal, Kjell Audun Vassdal, Tove Solbakken, May Britt Søberg.
Tredje rekke: Sigmund Rekdal (korpsleiar), Bente Slemmen, Asbjørn Nakken, Elin Hansen, Tone Vassdal, Gunn Ellingseter, Petra Nakken, Jenny Ann Gjelsten, Wenche Fiksdal, Marit Solbakken.
Bakerste rekke: Per Eldar Nakken, Per Magne Bjerkevoll, Svein Arne Rekdal, Frode Ellingseter, Tom Arve Solbakken, Kjetil Rekdal.
image31

Kom igjen!

image6
Denne aspiranten er igang med øvinga.
Kva med deg?
Har du lyst til å vere med i Fiksdal/Rekdal Janitsjar?
Kontakt Tore Ellingseter, 90 67 22 66.
image14
Vi øver på Fiksdal skule kvar onsdag klokka 19.30.
image15
Hausten 2005: Cecilie Gjelsten, Agnethe Berg, Erik Liabø og Martin Fylling Ellingseter.
image16
Evelyn Nakken og Bente Slemmen.

image17
Erik Liabø.
image18
Tanja Liabø, Elin Hansen og Sonja Storsæter.
image19
Ann Iren Fylling, Peter Fylling og Martin Fylling Ellingseter.


AKTUELLE LENKER PÅ NETT:

Fiksdal Idrettslag

Fiksdal skule

Bedrifter i Fiksdal

Fiksdal-arkivet

Fiksdal og Rekdal (Rotary)

Veret i Fiksdal

Tomrefjord Songlag

Norges Musikkorps Forbund

Norges Musikkorps Forbund, Møre og Romsdal

Vestnes kulturskule

Vestnes kommune

Sang og musikk i Vestnes

i-klubben

Les mer i arkivet » Februar 2009 » Desember 2008 » November 2008
hits